Konfirmantpåmelding
Givarteneste i Strand kyrkjelyd
Givarteneste i Strand kyrkjelyd

Vil du bli med i givarteneste til kyrkjelyden?

Strand sokneråd har givarteneste til to prosjekt:
 
1: Ny kyrkje på Tau
Ny kyrkje er planlagt å vere ferdig hausten 2019.
Strand sokneråd skal samle inn ein eigenandel til ny kyrkje på ca 6 millionar.
Kontonr. 3205.20.60477. Merk med ny kyrkje.
 
2: Barne- og ungdomsarbeidet
Strand sokneråd har tilsett barne- og ungdomsarbeidarar i til saman 50 % stilling på givarteneste.
Soknerådet ønskjer å styrkje trusopplæringa for barn og ungdom.
Kontonr. 3205.30.02233. Merk med trusopplæring.
 
Soknerådet vil oppfordre til å bli fast givar i Strand kyrkjelyd.
Ein kan gi årleg, kvartalsvis, eller månadleg. Givartenesta kan avsluttast når du måtte ønskje.
Ein kan sjølvsagt også gi ei enkeltgåve.
 
Hvis du melder inn personnummeret til kyrkjekontoret, vil du få skattetrekk for gåver opptil 30 000 kr pr år (2017). I 2018 vil ein få skattetrekk for gåver opptil 40 000 kroner.
Har du spørsmål, ta kontakt med Liv Åse Gaard på kyrkjekontoret, tlf 51741130.