Ny kyrkje på Tau
Ny kyrkje på Tau

Heilt sidan 2005 har ein komite jobba med planane for ei ny kyrkje på Tau - "Sjømannskyrkja på Tau". Her kan du finna informasjon om prosjektet.

Sidan 2005 har ein eigen komité jobba med planane for eit nytt kyrkjebygg. I 2012 munna dette arbeidet ut i ei konseptskisse som har fått tittelen “Sjømannskyrkja på Tau”. Nå er status at endeleg tomt i Tau sentrum skal bli ferdig regulert i løpet av 2018. Planlagt byggjestart er i 2019.

Her kan du lasta ned konseptskissa.

Den berande ideen er at dette skal vera eit bygg med liv og aktivitet sju dagar i veka, etter mal frå sjømannskyrkjene rundt om i verda. Eit slikt bygg kan gjerne også husa kulturelle funksjonar som kulturskule og bibliotek – i tillegg til å vera ei storstove for Nordre Strand med plass til inntil 500 sitjeplassar og stort sceneparti. Prisen er førebels kalkulert til 56 millionar 2017-kroner, kor av 6 millionar skal dekkast av innsamla midlar – resten av kommunale/offentlege midlar.

Her kan du vera med å bidra til bygging av ny kyrkje på Tau.

Det er arkitektar frå HBA/Ratio som har fått i oppdrag å teikna den nye kyrkja. Konseptet deira "Vaffelhjerte" vann arkitektkonkurransen.

Her kan du sjå vinnarskissene som arkitektane laga (er blitt noko endra i den vidare planprosessen, blant anna eit mindre tårn - sjå illustrasjon).

Den eksisterande kyrkja, ei såkalla Linstow-kyrkje, er frå 1874 og har 284 sitjeplassar. Sidan ho er listeført av Riksantikvaren er det ikkje råd å byggja på eller om denne kyrkja.